Artikler som omfatter tunnelen

Medan hallingane har stått på lenge, har stemningen for ei framtidsretta heilårs vegløysing over Hardangervidda vore litt meir laber i vest. Det er i ferd med å snu. Hovudmålet er å få Riksveg 7 til å verta ein reell heilårsveg. Med tiltak som er vedtekne og nye traséar, kan køyretida mellom Oslo og Bergen verta redusert med åtti minutter i høve til i dag, sa sekretær i Interesse-selskapet for Riksveg 7, (ISRv7) Knut Arne Gurigard, då han informerte politikarane i Eidfjord om stoda, status og vegen vidare. Berre prosjektet mellom Ørgenvika og Sona, som startar opp i vår og skal vera ferdig i 2014, vil korta inn vegen med to mil. Femti prosent av trafikken frå aust går i dag på Riksveg 7 -til Gol. Her deler den seg i tre. Idag er det vêret som styrer vintertrafikken over Vidda.

Last ned PDF

Det er eitt år sidan planane om ein 15 km lang tunnel frå Sysendammen til Haugastøl vart lansert. Tunnelen kan stå ferdig om ti år. Sidan gruppa vart stifta har det gått slag-i-slag, seier Kleivkås, som meiner dei har kome svært langt på kort tid. Mellom anna har nesten hundre verksemder og enkeltpersonar teikna seg som støttemedlemmer og betalt kontingent. Gruppa arbeider på fleire plan og har både internettside og side på Facebook. Aksjonsgruppa har også hatt fleire møte med Interesse-selskapet IS Rv7, der alle kommunane langs Riksveg 7 er med. Dei er i ferd med å få utarbeidd ein uavhengig analyse av viddeproblematikken, seier Kleivkås. Mellom anna vil ein vurdera den lange tunnelen opp mot planane som Vegvesenet har for såkalla miljøtunnelar.

Last ned PDF

Aksjonsgruppa for Hardangerviddatunnelen har vind i segla. Optimismen er stor, og håpet er at prosjektet er realisert innan 10 årEit vesentleg poeng ved tunnelplanane er at den eksisterande vegen over Vidda skal behaldast som turistveg sommarstid. Viss det i staden blir bygd miljøtunnelar, vil turistvegen bli vesentleg forringa. Aksjonsgruppa vil heller at det motsette skal skje og ser dette i samanheng med prosjektet Nasjonal turistveg Hardanger, som pågår i regi av Statens vegvesen. Der er det m.a. planen å bruke 110 mill. kroner til spektakulære turistinstallasjonar i Måbudalen. Det blir arbeidd for å vidareføre den nasjonale turistvegen austover til Haugastøl, men slike planar kan skrinleggjast viss det blir bygd miljøtunnelar, ifølgje Lid.

Last ned PDF

Riksveg 7 over Hardangervidda treng betre regularitet. Uansett kor ein snur og vender på det, er og blir Hardangervidda den kortaste vegen mellom Bergen og hovudstaden. Frå 1. juni 2013, når Hardangerbrua står ferdig, vert strekninga attpåtil ferjefri, og det skal sentrale politiske aktørar i Venstre ha ein stor del av æra for. Innan 2013 vil og strekningane Sokna-Ørgenvika og Kjellbergsvingane ved Hønefoss vera utbetra, med 20 kilometer kortare veg og ein heilt annan standard. Vest for Hardangerfjorden vil strekninga Granvin-Voss (Skjervet) vera ferdig omlagt til 2013, og med det er ein ny flaskehals borte. Men, det hjelper ikkje at vegen over Hardangervidda er den kortaste, dersom bilistane møter stengt bom. For å sikra regulariteten og tryggleiken over fjellet ynskjer me tunnel, og me ynskjer den snart! Målet er å få realisert 15 kilometer tunnel og 14 kilometer ny veg mellom Storlia og Haugastøl, slik at riksveg 7 Hardangervidda vert den kortaste og beste vegen heile året. Me veit at 50% av all trafikk aust-vest pr. i dag går gjennom Hallingdal på strekninga Gol-Hønefoss, og me veit at med god regularitet vil Rv7 Hardangervidda vera det beste alternativet frå Gol og vestover.

Les hele artikkelen hos Hallingdølen

Aksjonsgruppa for Hardangerviddatunnelen vil ha omlegging av riksveg 7 over høgfjellet, dei vil ha ny veg langt unna fjellstovene. - Eidfjørene ynskjer å behalda noverande trasé med utbetringar, seier Eidfjord sin utsending, Ola B. Hereid, ifylgje bt.no Aksjonsgruppa for Hardangerviddatunnelen presenterte i går planane for omlegging av riksveg 7 over høgfjellet. Dei vil ha ny veg langt unna fjellstovene som ligg langs den noverande. Blir det krig, så blir det borgarkrig, for alle medlemer av interesseselskapet for vegen over Hardangervidda (IS Rv7) er vener av Hardangerbrua. No er dei usamde om vegen vidare - mot Oslo. - No gnir dei seg i hendene, alle som arbeider for konkurrerande vegar, seier Eidfjord sin utsending, Ola B. Hereid. Han signaliserer at Eidfjord vil halda på den gamle planen om tre-fire tunnelar langs noverande veg. Dei vil gjera kolonnekøyring greiare og tryggare enn i dag, og reinsdyra kan ferdast fritt over tunneltaka.

Les hele artikkelen hos Radio Folgefonn

Aksjonsgruppa for Hardangerviddatunnelen presenterte i dag planane for omlegging av riksveg 7 over høgfjellet. Dei vil ha ny veg langt unna fjellstovene som ligg langs den noverande. Blir det krig, så blir det borgarkrig, for alle medlemer av interesseselskapet for vegen over Hardangervidda (IS Rv7) er vener av Hardangerbrua. No er dei usamde om vegen vidare - mot Oslo. - No gnir dei seg i hendene, alle som arbeider for konkurrerande vegar, seier Eidfjord sin utsending, Ola B. Hereid. Han signaliserer at Eidfjord vil halda på den gamle planen om tre-fire tunnelar langs noverande veg. Dei vil gjera kolonnekøyring greiare og tryggare enn i dag, og reinsdyra kan ferdast fritt over tunneltaka.

Les hele artikkelen hos Bergens Tidende

Aksjonsgruppa for Hardangerviddatunnelen har som formål å representere folkeviljen for å få realisert Hardangerviddatunnelen så fort som mulig. Aksjonsgruppa vil også få frem hvor viktig det er å få en bedre regularitet over Hardangervidda gjennom hele året. Arbeidet med å realisere en langtunnel med ny trasé over Hardangervidda har allerede startet. Dette vil korte ned omtrent 250 høydemeter, og korte ned strekningen med ca 10 km.

Les hele artikkelen hos geilo.no

Du har sikkert diskutert det du også. Hvor mye det koster å kjøre Hemsedal, kontra Hardangervidda eller Haukeli. Fortvil ikke. TransportMagasinet har i sommer sjekket tallene mellom øst og vest. her er resultatet. Bakgrunnen for vår uke på landeveien, var at vi ønsket å se om det var store forskjeller på de forskjellige alternativene mellom Bergen og Oslo.

Last ned PDF

Den Norske tustforenings årbok fra 1873, har en interressant artikkel av en turist som om sommeren samme år gikk fra Hol i Hallingdal til Eidfjord i Hardanger. I forbindelse med sin dagsmarsj fra Tufte i Ustedalen til fjellgården Nygård skriver han: "Medens jeg således moisommeligt og langsomt arbeidede mig fremad, måtte jeg tænke på med hvilken ganske anden hurtighed og bekvemhed...

Last ned PDF

Vær med på realiseringen av Hardangervidda Tunnelen

Kontonr: 3460 12 87279 - Husk å skriv navn og kontaktinformasjon i meldingsfeltet

© 2012 Hardangervidda Tunnelen - Alle rettigheter Levert av: BEKK DESIGN